SPAREBANKVEKA 2014

SPAREBANKVEKA 2014

Frå den 27. til 31. oktober arrangerer vi sparebankveka i Vik Sparebank. Tradisjonen tru er det bøsse-tømming, og vi deler ut gratis gym-bag / refleksband til alle våre kundar som kjem innom. Det blir teiknekonkurranse med premiering for dei beste og mest kreative teikningane. Og sjølvsagt gjentek vi suksessen frå i fjor; SKATTEJAKTEN. Vi serverer kaker, kaffi og juice alle dagar. Velkommen til sparebankveka!

GJER DEG KLAR TIL ÅRETS SKATTEJAKT!!

GJER DEG KLAR TIL ÅRETS SKATTEJAKT!!

Vi har plassert ei skattekiste ein eller annan plass ute i naturen i Vik. Det blir publisert bilete på facebooksida vår som gjev eit hint om kor du kan finne skattekista. Konkurransen startar søndag 26.10.2014 klokka 18.00. Den fyrste som finn skattekista tek med seg innhaldet ned til banken. Vinnarpremiane er på kr 1000,- Det blir fortløpande lagt ut nye skattekister i løpet av veka.

Vik Sparebank reduserer renta

Vik Sparebank reduserer renta

Vi reduserer rentene på bustadlån og innskot. Beste flytande, nominelle bustadrente er no redusert for nye lån til 3,30%. Denne renta gjeld for bustadlån til ungdom inntil 34 år. Høgste ordinære innskotsrente vil framleis vera BSU på 4,75% medan andre spareformer vert uendra eller redusert med inntil 0,25 prosentpoeng. Dei nye prisane gjeld frå i dag for nye lån, og frå 5. januar 2015 for eksisterande lån og innskot.

Gåvetildeling  haust - 2014

Gåvetildeling haust - 2014

Vik Sparebank delar kvart år ut ein del av overskotet til allmenn-nyttige føremål. I 2014 gjennomfører vi gåvetildelinga i to omgangar; vår og haust. Lokale lag og organisasjonar innan idrett og kulturliv med aktivitetar som er opne for allmenta kan søkja. Søknadskjema er lagt ut i banken sine lokaler. Du kan og laste ned skjemaet ved å klikke her. Søknadsfrist 31. oktober 2014

Jans blogg

Jans blogg

Sjeføkonom i Eika, Jan Ludvig Andreassen, blogger om aktuelle tema frå norsk og internasjonal økonomi. Han er oppteken av dei lange linjene og liker ein god debatt.