Vik Sparebank med solid årsresultat for 2017
Generalforsamlinga i Vik Sparebank godkjente i møte 19. mars 2018 årsrekneskapet for 2017. Resultatet av den ordinære drifta vart på 13,4 mill. kroner mot 9,2 mill. kroner året før. Utlånsveksten var på 6,6%. Kapitaldekninga til banken hadde sterk auke til 22,5% ved årsskiftet, medan kravet frå styresmaktene er på 15,5%. Vik Sparebank skal vere ein konkurransedyktig bank med eit resultat som er tilstrekkeleg til å oppnå målsetjingane som er sett. Stor eigenkapital, kostnadseffektiv drift, ressurssparing ved auka sjølvbetjeningsgrad, og bruk av moderne teknologi gjer at Vik Sparebank vil vera godt rusta for vidare drift. Banken har difor eit godt utgangspunkt for tilpassingar til konkurranse- og marknadsendringane som kjem, - og tek sikte på halde fram den gode utviklinga.