Uføre i Noreg

  • Over 330 000 mennesker får uføretrygd i Noreg i dag
  • Talet på uføre har auka med 3,2 prosent berre det siste året
  • 1 av 10 nordmenn mellom 18 – 67 år er uføre
  • Det er fleire uføre kvinner enn uføre menn (11,7 prosent mot 8 prosent)
  • Auken er størst blant dei mellom 18 – 29 år

Kjelde: Nav (30. juni 2018)

I dag er det over 330 000 uføre i Noreg, og delen uføre aukar i alle aldersgrupper frå 20 til 59 år. Korleis ville din kvardag sett ut om du blei ufør?

Med uføreforsikringar sikrar du rett til erstatning dersom du eller ektefellen/sambuaren skulle bli arbeidsufør.

Her er 5 grunnar til at uføreforsikring er viktig:

1. Ver økonomisk sikra – uansett kor mange år i arbeidslivet

Dess yngre du er, dess viktigare vil ei uføreforsikring vera. Det er fordi ytingar frå folketrygda er basert på kor mange år du har vore i arbeidslivet og lønn. Viss du blir arbeidsufør som 20-åring, med lita eller inga tidlegare inntekt, kjem du dårleg ut av det.

2. Bruk forsikringssummen slik det passar deg

Vi har alle ulike behov, og derfor kan forsikringssummen disponerast fritt etter eige ønske. Det viktigaste er at du kan halda ved lag levestandarden som før du blei ufør.

3. Hald fram med å leva livet som normalt

Dersom du blir arbeidsufør over lengre tid blir inntekta di redusert, og det kan bli utfordrande å halda ved lag den levestandarden du hadde tidlegare. Ei uføreforsikring gjer dei økonomiske følgjene mindre dramatiske.

 

 

4. Ver trygg på at du kan betala ned på lånet

I ein allereie vanskeleg situasjon handlar det om å føla seg trygg på at du kan handtera framtida økonomisk. Dei aller fleste av oss har i dag eitt eller fleire lån, og skulle du bli arbeidsufør, kan du nytta forsikringssummen på å betala ned på lånet.

5. Sikra framtida di

Forsikringa kan kjøpast av alle mellom 18 og 50 år, og varar fram til fylte 60 år. Ei uføreforsikring blir tilrådd til alle som har gjeld og/eller er avhengig av eiga inntekt.

Kontakt meg om uføreforsikring

Quiz: Veit du kva tala fortel? Derfor er personforsikring viktig for deg.