Anders Gran i Eika Kredittbank meiner kredittkortet er eit sjølvfølgje på ferie. Her er 7 gode grunner for kvifor han meiner akkurat det:

  1. Banken sine pengar - ikkje dine

    La oss innsjå det. Det hender at lommebøker blir borte. Kort kan bli stolne eller kortdata kan bli kopiert. Kjem kortet ditt i hendene på feil menneske, kan det fort bli tomt på kontoen.

    – Har du brukt eit vanleg bankkort som er knytt til lønskontoen din, er det dine pengar som blir borte. Har du i staden brukt eit kredittkort, er det banken sine pengar som blir stolne, seier Anders Gran.


  2. Sikra mot useriøse aktørar

    Som brukar av eit kredittkort, er du også sikra mot ID-tjuveri. Skulle nokon misbruke din identitet til å kjøpe varer og tenester, har du rett til juridisk bistand på inntil 50.000 kroner dersom kortet har vore i bruk dei siste 45 dagane eller har uteståande renteberande kreditt.


  3. Ekstra trygd

    Har du nokon gong stått i ein framand by og opplevd at kortet ditt blei slukt av minibanken? Eller at du ikkje får betalt i ein butikk fordi kortet ditt ikkje fungerer?

    – Då er det godt å ha fleire kort å ty til. Ein hovudregel bør alltid vere at du brukar kredittkortet som hovudkort på tur. Blir det borte, har du i alle fall ditt vanlege kort å ty til, seier Gran.


  4. Reise- og avbestillingsforsikring

    Visste du at dersom du betaler minst halvparten av reisa di med kredittkort, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet? Forsikringa dekker tapet ditt dersom du blir sjuk eller får fråstole verdisaker i ferien. Den gjeld også ved forseinka flyreiser.


  5. Tilgang på eigne pengar

    Hotell og leigebilselskap reserverer ofte større summar enn den avtalte prisen du skal betale. Brukar du eit vanleg bankkort, kan det føre til at du plutseleg har mindre pengar å rutte med enn du hadde planlagt.

    – Dei tek høgde for at du kan utsette bilen eller hotellrommet du leiger for ein skade. Det fører til at pengane blir fryst på kontoen din, noko som kan vere veldig upraktisk, seier Gran.


  6. Tryggleik for upårekna kostnader

    Mykje kan skje på ei reise. Kanskje må du legge deg inn på hotell, medan du eigentleg hadde planlagt å ligge i telt. Og skulle bagasjen bli borte, kan du plutselig bli nøydd til å betale for meir enn du eigentleg har budsjett for.

    – Eit kredittkort fungerer difor også som ein ekstra tryggleik det kan vere godt å ty til dersom noko uventa skulle skje, meiner Gran.


  7. Fleire fordeler

    Gjennom fordelprogrammet knytte til kredittkorta kan du spara pengar og gjera gode kupp. Er du i gang med å planleggja ferie, bør du sjekka Eika Hotell som gjev deg tilgjenge til over 5 millionar hotelltilbod i 220 land.

    Skal du leiga bil er det lura å sjekka Eika Leiebil som gjev deg svært gode prisar på leiebil, i tillegg til 10 % rabatt dersom du betalar med kredittkortet ditt frå Eika. Husk òg at du kan få ein rimeleg egenandelsforsikring viss du brukar kredittkortet ditt.

    Sjå alle rabattane du får gjennom Eika Fordel.