Du kjenner kanskje til fordelane eit kredittkort frå lokalbanken gir deg: større fleksibilitet, auka handlefridom, tryggare netthandel og reise- og avbestillingsforsikring inkludert. Men visste du at kredittkortet gir deg langt fleire fordelar enn desse?

 

Gjennom fordelsprogrammet knytt til kredittkortet får du gode rabattar og tilbod når du handlar i butikk og på nett. 

 

Eika Fordel har noko for dei fleste – uansett om du er av den reiselystne typen, elskar å pusse opp, er ihuga sportsentusiast eller på jakt etter dei nyaste trendene.

Den eventyrlystne
Er du ein av dei som nesten ikkje kan vente til neste reise? Då bør du ta ein kikk på Eika Hotell og Eika Leigebil før du bestiller den neste turen din.

Gjennom Eika Hotell får du tilgjenge til over 5 millionar hotelltilbod frå tusenvis av nettstader og reservasjonssystem, og kan finne rimelige hotell i heile 220 land.

Treng du å leige bil bør du ta ein kikk på Eika Leigebil. Her får du dei beste leigebilprisane i over 24 000 destinasjonar over heile verda, i tillegg til 10 prosent rabatt dersom du betaler med kredittkortet ditt frå lokalbanken.

Den interiørinteresserte
Planlegg du å pusse opp eller treng du ei lita interiørforandring heime? Då lønner det seg å bruke rabattane du får gjennom Eika Fordel.

På Thomas Hill finn du eksklusive møblar, og med fordelsprogrammet får du fast 10 prosent rabatt. På tekstilbutikken Dekoria kan du hamstre alt frå teppe, handklede og putetrekk – til gardiner og andre tekstilar sydde etter eigne mål.

Den sportsinteresserte
Uansett om du er ihuga vintersportsentusiast, elskar å fiske, gå på fjelltur eller sove ute i det fri, kan du vere sikker på at du finn det du treng på Fjellsport.

På Fjellsport får du kjende og populære merkevarer og utstyr til alt frå springing, jakt og klatring – til camping og flugefiske. Med unnatak av nokre få utvalde produktkategoriar får du fast 15 prosent på Fjellsport med Eika Fordel.

Den stilbevisste
Bankar hjarta ditt litt ekstra for siste skrik på motefronten? Eller kanskje du likar å pynte deg litt ekstra? Med Eika Fordel får du ei rekkje gode rabattar på kles- og smykkebutikkar.

På We Norwegians og Morild finn du mjuke ullklede til både store og små, og på Dehn Design kan du handle klede i tidlaus design. Har du lyst på nye smykke tilbyr Frisenberg eit stort utval diamantar, gull og sølv. Og er du på utkikk etter ei ny klokke, har Klokkegiganten kjende merkevarer og klokker til både dame, herre og barn.

Har du spørsmål om fordelsprogrammet eller lurer på korleis du kjem i gong?
Ta gjerne kontakt med oss, så hjelper vi deg!

Har du enno ikkje skaffa deg kredittkort? Søk om kredittkort her.

Og du? Kvar månad er det nye handledagar med ekstra gode tilbod frå samarbeidspartnarane våre. Følg med på nettsidene – vi har fleire spennande godbitar i vente.