Kva betyr det dersom styringsrenta aukar? 

Det er varsla at det kan kome fleire renteoppgangar i løpet av året, og totalt forventar økonomane at det vil kome opp til seks renteoppgangar før 2021. Det vanlege er at den såkalla styringsrenta vert sett opp med 0,25 prosentpoeng om gongen. Det kan altså vere smart å ta høgde for at renta skal opp rundt eitt prosentpoeng i løpet av 2019. 

Dersom renta går opp med eitt prosentpoeng og du har eit bustadlån på tre millionar, vil dette bety at du får auka renteutgifter på omlag 1500 kr. ekstra i månaden. Har du bustadlån på fire millionar vil den ekstra utgifta vere på 2000 kr. i månaden.

 

Kva bør du tenkje på?

Dersom du er usikker på korleis renta vil påverke økonomien din, tilrår vi at du tek kontakt med banken din. Lokalbanken er her for å hjelpe deg, og jo tidligare du kjem til banken jo lettare er det for banken å hjelpe deg med å lage ein plan for økonomien din. Kanskje du bør vurderer å binde renta slik at du har større forutsigbarheit og veit kva dei månadlege renteutgiftene dine blir? Dette kan rådgjevaren din hjelpe deg med å ta stilling til. 

 

Les tipsa våre til korleis du best kan førebu deg på renteauke:

  1. Ta ein gjennomgang av økonomien din: Kva bruker du pengane på? Gå gjennom kontorørslene dine og sjå kvar pengane forsvinn. Då kan det vere lettare å gjere nokre grep for å spare. 
  2. Har du eit abonnement du ikkje bruker? Det kan vere smart å gjere opp status på kva abonnement du treng - og bruker.
  3. Nytt deg av fordelsprogramma som gjerne følgjer med ulike medlemsskap. Her kan det vere mykje pengar å spare!
  4. Ver bevisst når du handlar mat og andre hushaldsartiklar. Skriv gjerne handleliste før du går i butikken slik at du slepp dyre impulskjøp.
  5. Ta ein sjekk om du framleis har den billigaste straumleverandøren i landet. Det er varsla at straumprisane skal auke så det kan vere lurt å sjå gjennom prisen på straumavtalen din.
  6. Sjå om du kan nedbetale eventuelle forbrukslån raskare og ikkje ta opp nye lån. Bruk kredittkortet fornuftig og betal rekningane i tide, då slepp du ekstra kostnader på det du har brukt. Ta gjerne ein prat med oss og få hjelp til ei eventuell refinansiering, dersom du treng å fordele nedbetalinga av gjelda over lengre tid. Vi ser heile deg og den økonomiske situasjonen din og kan hjelpe deg å få kontroll på rentene.
  7. Det kan vere lurt å ha ein buffer for uventa utgifter. 
  8. Dersom livssituasjon din har endra seg sidan du tok opp lån, kan det vere smart å ta ein prat med banken din tidleg. Kan du for eksempel få avdragsutsetjing? Høge renter skuldast blant anna høgare inflasjon, noko som igjen vil gje deg auka lønnstillegg litt lenger fram i tid. Men allereie no kan det vere lurt å leggje ein plan for økonomien din. Det hjelper lokalbanken din deg med.
  9. Hugs at sjølv om renta går opp, er sparing fortsatt verdas beste idé. Det er smart å oppretthalde sparemåla du allereie har. Pengar spart, er pengar tent. Ta gjerne ein prat med rådgjevaren din som kan hjelpe deg med planane, måla og moglegheitene dine. 

 

Hugs at lokalbanken er der for å hjelpe deg

Folk flest må førebu seg på høge renter, men hugs at lønnsveksten også vil stige. Så lenge lønnsveksten stig i takt med rentene, er det ingen dramatikk i auka renter, dersom du er bevisst ditt eige forbruk. Ei generell tilråding er å redusere forbruket. Det går an å justere litt på eige privat forbruk og for eksempel kutte ned på mengda restaurantbesøk, eller ferieturar til utlandet. 

Sett deg heller nokre sparemål og oppdag gleda ved å realisere noko du har ynskt deg lenge.

Og treng du hjelp til å ta gode val for økonomien din og lage ein spareplan for måla og draumane dine, er lokalbanken aldri langt unna.