Innhald

I desse dagane får dei fleste av oss litt ekstra pengar å rutte med, i form av feriepengar og – for nokre – pengar igjen på skatten. Men kva bør vi eigentleg gjere med dei ekstra tusenlappane som tikkar inn på kontoen i juni?

- Det kjem heilt an på kva for ein økonomi og kva for forpliktingar du har. Sjølvsagt skal pengane brukast på ferie og opplevingar, men det er òg lurt å tenkje over kva ein gjer med det som måtte vere til overs, fortel Christian Vestengen, finansrådgjevar i Eika Kapitalforvalting som lokalbanken er ein del av.

Her er dei 4 råda han har til fornuftig bruk av feriepengane:

1. Betal ned kortsiktig gjeld
Har du førehandsbetalt ferien med kredittkort, eller har du anna kredittkortgjeld? Då bør førsteprioritet vere å nedbetale denne, fordi det er den gjelda som er dyrast.

10 gode grunnar til å bruke kredittkort

2. Fyll opp bufferkontoen
Med ekstra pengar på kontoen har du sjansen til å fylle opp bufferkontoen din. Lokalbanken har eit generelt råd om to netto månadsløner i buffer, men det vil sjølvsagt variere frå person til person. Men skulle du få ei stor uføresett utgift i fanget, til dømes ein dyr bilreparasjon, vil du ikkje angre.

3. Spar i fond
No som renta er så låg, vil langsiktig sparing i fond vere den beste måten å spare på. Men kor stor aksjedel du vil ha, og kva for fond du skal spara i, vil variere frå person til person. Her er rådgjevarane i banken gode å ty til.

4. Unn deg ein herleg ferie
Sist, men absolutt ikkje minst: Det er viktig å hugse på at det er ein grunn til at det heiter nettopp feriepengar. Om du ikkje har stor kredittkortgjeld, og har ein solid buffer, så bruker du pengane på noko ekstra i sommarferien. Unn deg noko godt, lad batteria, og vær utkvild når kvardagen kjem til hausten.

Treng du reiseforsikring?