Korleis kan du handle trygt på nett og unngå å bli lurt? Her er dei beste tipsa frå sikkerheitssjef, Steingrim Soug:Sikkerhetsjefen Steingrim Soug

Kontroller om nettbutikken er seriøs
Som hovudregel bør du alltid kontrollere om nettbutikken du skal handle frå er seriøs. Er du usikker bør du heller leite etter det du vil ha i fysiske butikkar.

Dersom butikken ikkje finst fysisk, eller du ikkje kjenner til han frå før, er det lurt å høyre andre sine erfaringar før du handlar noko. Eit Google-søk på nettbutikken du vurderer er ingen garanti, men kan gi deg ein god indikasjon på om butikken er seriøs eller ikkje. Får du ikkje opp nokon relevante treff er det ofte eit teikn på at du skal vere på vakt.

Kontroller nettadressa
Kontroller nettadressa for butikken du skal handle frå. På denne måten unngår du å handle frå ein falsk butikk som utgir seg for å vere den ekte. Handlar du hjå til dømes XXL, skal nettadressa vere xxl.no og ikkje ein variant av denne.

Hugs òg at falske nettbutikkar legg inn element som får dei til å sjå ekte ut, til dømes ein VISA-logo som seier «Verified by VISA». At VISA-logoen er lagt på nettsida er ingen garanti for at nettbutikken er seriøs.

Ver kritisk til kundehistorier
Det finst mange nettbutikkar som sel finansielle produkt, slik som Binære Opsjonar eller Bitcoins. Desse har ofte skrytehistorier frå kundar som har tent mange tusen kroner på kort tid – utan å ha gjort noko særleg. Ikkje særleg truverdig, eller kva? Det er lurt å vere kritisk til kundehistorier som høyrest for gode ut til å vere sanne.

Les vilkåra og andre reglar knytte til kjøpet nøye
Dersom du planlegg å kjøpe eit produkt eller investere pengar, bør du vere merksam på vilkåra, produktomtalane eller avgiftene knytte til kjøpet.

Høge eller uforståelege avgifter, eller produktomtalar som verkar merkelege, er ofte eit teikn på at du skal revurdere kjøpet eller investeringa. Særleg det å plassere pengar inneber høg risiko. Vi tilrår at du i staden oppsøkjer banken og/eller etablerte finansinstitusjonar for å få rådgiving om pengeplassering og investeringar.

Ver kritisk til høge rabattar
Mange useriøse butikkar gir deg høg rabatt på kjende merkevarer, til dømes 60 prosent på Nike-sko. Dette er svindel, og skoa du bestiller vil alltid vere falske kopiar. Somme gonger får du tilsendt piratkopiane, andre gonger får du ingenting. Føremålet til nettbutikkane som gjer dette er ikkje først og fremst å lure deg til å kjøpe falske sko, men å selje kortinformasjonen du la att til andre som driv kriminell verksemd.

Kontroller òg returordninga i nettbutikken du handlar frå. Dersom nettbutikken ikkje dekkjer returen kan det ofte vere dyrt å returnere store og tunge gjenstandar.

Bruk kredittkortet når du handlar på nett
Som regel bør du alltid bruke kredittkortet når du handlar på nett. Når du brukar kredittkortet framfor det vanlege bankkortet ditt er du ekstra forsikra på grunn av Finansavtalelova §54b. I praksis vil dette seie at dersom du ikkje er grovt aktlaus når du netthandlar, får du i dei aller fleste tilfelle att pengane dersom du ikkje får vara du har betalt for.

Les den vesle skrifta – og pass deg for løpande abonnement
Ingen sel ein iPhone til 1 krone, i slike tilbod skjuler det seg nemleg abonnementsfeller. Dersom du kjøper ein iPhone til 1 krone og trur du har gjort eit eingongskjøp, har du i realiteten forplikta deg til eit gjentakande kjøp – eller sagt på ein annan måte: Eit abonnement. Også når du tek del i konkurransar på nett, er det lett å hamne i eit ufrivillig abonnement.

Tommelfingerregelen er at du alltid skal lese den vesle skrifta og vere ekstra merksam på tilbod som er unormalt låge.

Les også: Kva gjer du for å handle trygt på marknadsplassar som FINN.no?