Ta vare på dine tilsette - dei er den viktigaste ressursen din!

Vi har sett saman tre pakker som gjer det enklare for deg å velje ei god løysing for bedrifta di.

Vel mellom 3 enkle pakkeløysingar

Basis

Løysinga som varetek det lovpålagde. Det du må ha på plass for å sikre dei tilsette i arbeidstida og pensjonstilværet deira.

Omsorg

Løysinga som i tillegg til å vareta det lovpålagde, sikrar at tilsette får ein betre pensjon og får behandling slik at dei kjem raskare tilbake i jobb. I tillegg sikrar den familien til tilsette ved død.

Omsorg+

Løysinga som hjelper deg med å bli ein attraktiv arbeidsgjevar, med marknaden si beste pensjonsordning og gode personalforsikringar. Pakka sikrar drifta di, tilsette og familien deira dersom noko uventa skulle skje - i arbeidstida og på fritida.

Dette inkluderer pakkene

Basis Omsorg Omsorg+
Innskotspensjon
Sparer til den tilsette sitt pensjonstilvære
  √*
   √**       √***
Yrkesskade
Sikrar den tilsette ved sjukdom og skade i arbeidstida

Helseforsikring
Sikrar behandling og får raskt tilbake i jobb

 


Til attlevande
Sikrar den tilsette sin familie ved død

Sjukdom
Sikrar den tilsette ved varig uføre
 
Ulukke
Sikrar den tilsette ved skade og ulukke på fritida
 

 

Reise
Sikrer den tilsette ved reise i arbeidstida

 

 

*2 % sparing frå 1 G
** 
4 % sparing frå fyrste krone
*** 7-25,1 % sparing (loven sitt maksimum)

 

Valfridom

Vi tilbyr også skreddarsaum av tilsettepakker. Avtal eit møte med ein rådgjevar, så hjelper vi deg å setje saman den løysinga som passar bedrifta di best, men likevel varetek det lovpålagde.

3 gode grunnar

Stabilitet, lønnsemd, omsorg... Det er all mogeleg grunn til å ha eit bevisst forhold til forsikrings- og pensjonsordningane.

Bli ein attraktiv arbeidsgivar

Sparing til den tilsettes pensjonen er lovpålagd, men det er forskjell på kor mange prosent av lønna bedrifter vel å spare. Ei god pensjonsordning med høg sparesats gir dei tilsette meir i pensjon, og er eit viktig verktøy for å behalde og tiltrekkje seg gode tilsette.

Få ein sunn bedriftsøkonomi

Friske tilsette gir sunn bedriftsøkonomi. Gode forsikringar for dei tilsette vil betale seg dersom noko uventa skulle skje. Det gir også auka tryggleik for familien deira.

Vi hjelper deg å ta gode val

Vi som lokalbank er oppteken av at du får god rådgjevnad og hjelp til å ta gode val. Vi tilbyr også skreddarsaum av tilsettepakker. La oss ta ein prat om denne og finne den løysinga som passar best for deg og bedrifta di!