Innhald
Mobilbank

Med mobilbank har du alt du treng til bankkvardagen i bedrifta. Her finn du dei mest brukte tenestene. Har du tilgang til nettbank, så har du automatisk tilgang til mobilbanken. Alt du treng å gjere er å laste ned appen. For å logge inn i mobilbanken treng du BankID for mobil eller PIN-kode.


Med mobilbank kan du blant anna:

  • sjekke saldo, transaksjonar og forfallsregister
  • betale rekningar
  • overføre mellom eigne kontoar
Nettbank

I nettbanken vår får du full oversikt over økonomien i bedrifta og tilgang til alle betalingstenester. Du kan lese nettpost og få oversikt over bedrifta sine forsikringar og pensjonsavtalar. Nettbanken kan også enkelt integrerast mot bedrifta sine lønns- og økonomisystem for å hente og sende inn- og utbetalingsfiler. For å logge inn i nettbanken treng du BankID eller BankID for mobil.

Med Nettbank Bedrift kan du:

  • få rask oversikt over saldo og transaksjonar
  • utføre betalingar til inn- og utland
  • gjennomføre betalingar registrert i økonomisystemet (fil)
  • registrere lønnsutbetalingar og lage lønnslister
  • sjå klargjorde betalingar og forfallsoversikt
  • hente vedlegg og kontoutskrifter
  • ta mot innbetalingar i ei fil (OCR) for automatisk bokføring i økonomisystemet
  • gjennomføre bankavstemmingar
Bankavstemming

Er du bedriftskunde hos oss, kan du enkelt gjennomføre ei bankavstemming av alle bankkontane dine. Bankavstemming er nyttig for deg som ønskjer å sjekke kva som har gått inn og ut av kontoane til bedrifta, i forhold til det som faktisk er bokført på bankkontoane i rekneskapen.

Med bankavstemming kan du:

  • oppdage eventuelle opne postar i rekneskapen
  • halde økonomisystemet oppdatert til eikvar tid
Nettpost

Nettpost er bedrifta si postkasse i nettbanken. Her får du alt frå kontoutskrifter til kundemeldingar og informasjon frå oss. Alle mottekne meldingar vil vere tilgjengelege via arkivet, og du kan enkelt søkje opp og skrive ut meldingane dersom du ønskjer det.

I nettpost finn du:

  • melding om innbetalingar
  • kvittering for betalingar til utland
  • melding om ikkje gjennomførde betalingar
  • rente- og prisendringar
SMS-varsling

Med SMS-tenestene våre kan du få sett opp automatisk SMS-varsling. Få ein SMS kvar gong det skjer ei inn- eller utbetaling som overstig valt beløp, eller om det er betalingar til forfall utan dekning. Du kan i tillegg setje opp automatisk varsling av innbetalingar over eit definert beløp.

Fordelar med SMS-varsling:

  • Gir rask og enkel oversikt.
  • Varsling av store utbetalingar aukar tryggleiken.

Ofte stilte spørsmål om mobilbank

Kva er kva, og korleis bruker eg mobilbanken?

Tryggleik på nett

For å forhindre virus og at uvedkomande får tilgang til nettbanken eller kortdataet ditt er det viktig å vise varsemd på nett.