Følg serviceavtalar
Teknisk utstyr har behov for vedlikehald. Fagfolk med teknisk spisskompetanse har lettare for å oppdage slike ting enn bonden sjølv. Det blir derfor tilrått å følgje service, -inspeksjonen og -vedlikehaldsinstruksjonen til traktoren og andre maskiner du har på garden din.

Jamlege kontrollar
Ved sida av å følgje tilrådde serviceavtalar er det mykje du kan gjere sjølv også for å vedlikehalde utstyr og maskiner i form av å ta jamlege kontrollar og sjekk av maskinene. Er det behov for smørjing? Er motorreim og radiator reine? Er det oljelekkasje eller diesellekkasje? Ser maskina ut som den skal?

Maskiner og branntryggleik

  • Hugs å skru av hovudstraumbrytaren når du parkerer inne for å sikre maskina for sjølvtenning eller eventuell kortslutning.
  • Unngå drivstoffsøl under påfylling.

 

Vask og vedlikehald
Kontroller batteri og kontaktar, og lad batteri ved behov. Batteriet og batteripolar bør også reingjerast. Det er viktig å vaske motoren med jamne mellomrom. Dette kan du gjere med høgtrykkspyler.