Skademelding

Heimtransport eller sjukehusinnleggelse

I slike situasjonar skal du alltid kontakte Eika Kredittkort Skadeservice/Codan eller SOS International a/s før heimtransport blir starta eller ved langvarig sjukehusinnleggelse.

 

Avbestilling

Før du melder skaden til oss må du ha kontakta reisearrangøren for avbestilling av reisa, eventuell refusjon frå arrangøren kjem til fråtrekk på erstatninga. Det må fremjast dokumentasjon på avbestillingsårsak, for eksempel godkjenning frå lege på sjukdom.

 

Avbroten ferie

Dersom ferien blir avbroten pga. sjukdom/ulukke i nærmaste familie busett i Noreg skal Eika Kredittkort Skadeservice/Codan eller SOS International a/s blir kontakta før heimreisa blir starta.

 

Identitetstjuveri

Ta kontakt når du har mistanke om at økonomiske avvik har funne stad. For eksempel om du mottek rekningar for produkt du ikkje har bestilt, får uventa belastingar på kredittkortet ditt, mottek varsel om adresseendring eller kredittsjekk som du sjølv ikkje kjenner til. Forsikringa gjeld kortinnehavar og innehavar av tilleggskort.

 

Opningstider

Mandag til fredag: 08:00-17:00

Når du tek kontakt må du referere til Eika Kredittkort, samt kortnummer. Nummeret finn du på kortet ditt.

 

Øyeblikkelig hjelp

Ved behov for øyeblikkelig hjelp, ta kontakt med SOS International a/s +45 70 10 50 50 (24 t). 

Når du tek kontakt må du referere til Eika Kredittkort, samt kortnummer. Desse nummera finn du på kortet ditt.

Ved utanlandsreiser utanfor EU og Nord-Amerika, tilrår vi at du skriv ut og tek med deg forsikringsvilkåra på reisa. Ha alltid med deg reiseforsikringsprovet.

 

Slik melder du skaden din

Skademeldingsskjemaet blir fylt ut fullstendig og så nøyaktig som mogeleg og blir sendt på e-post til forsikring@eika.no.

Den som medviten gir urette eller ufullstendige opplysingar i samanheng med skadeoppgjer, kan tape all rett til erstatning.

 

Skade oppstått før 1.6.2017 blir sendt til Codan på telefon 81552470.

 

Skademeldingsskjema

Skademelding avbestilling

Skademelding forseinking

Skademelding ved sjukdom og ulukke

Skademelding reisegods

  

Utfylt skademeldingsskjema blir sendt til

Eika Forsikring
Postboks 332
2303 Hamar

E-post: forsikring@eika.no

 

Har du spørsmål, ta kontakt med Eika Kundesenter på tlf. (+47) 915 03 850 eller per e-post kundesenter@eika.no.

 

Ynskjer du å melda skadesak i samband med din betalingsforsikring?
Bruk den digitale skadeportalen vår.

 

Crawford & Company utfører skadeoppgjør etter instruks frå, og på vegne av forsikringsselskapet AmTrust International Underwriters DAC.