Innhald

Ny meny og nye funksjonar i mobilbanken i februar

Mobilbanken får ein heilt ny utsjånad:

  • Ny oversikt over kva produkt vi tilbyr
  • Ny måte å varsle om eFaktura, SnapCash og betalingar til godkjenning
  • Ny oversikt over kontaktinformasjon

I tillegg kjem noko ny funksjonalitet:

  • Oversikt over betalingsavtale; eFaktura, faste avtaler og overføringar
  • Moglegheit til å velje kva konto(er) du ønskjer å sjå dei siste transaksjonar frå i oversikta

Denne versjonen inneheld i tillegg fleire funksjonar og små forbetringar for å auke stabilitet og brukaroppleving. Vi håper du liker dei nye endringane, og jobbar vidare med nye versjonar som kjem seinare i vår.

SnapCash - ei teneste i mobilbanken

SnapCash er ei teneste i mobilbanken som enkelt lèt deg gjere lynraske pengeoverføringar. Så snart du har bekrefta ei overføring, er beløpet tilgjengeleg på mottakaren sin konto. Pengane går direkte frå konto til konto, utan seinkande mellomledd.

  • Overfør til mobilnummer når mottakar har aktivert SnapCash.
  • Når pengane er registrerte på kontoen, blir mottakaren varsla med ein gong via SMS.
  • Du kan overføre beløp inntil 500.000 kroner eller be om penger.