Du lurer kanskje på kva som er avgjerande for prisen når ein bil skal forsikrast? Her finn du nokre av dei viktigaste faktorane: 
 
  • Køyrelengde, altså kor langt du køyrer kvart år, er med på å bestemme prisen på forsikringa di. Køyrer du 8.000 kilometer i året får du lågare pris enn om køyrelengda er på 20.000 kilometer. Grunnen er rett og slett at mindre køyring i trafikken minskar risikoen for uhell.
  • Biltype har tyding for prisen. Dei viktigaste faktorane er mengda hestekrefter, utstyrspakkar og korvidt du har ein sportsbil eller ikkje. Ein Tesla for eksempel er dyrare å forsikre enn ein Fiat.
  • Sjåfør speler også inn. Er du mellom 18 og 29 år er det dyrare å ha bilforsikring, men hugs at prisen blir trappa ned kvart år. Hos oss får du også marknaden sin beste startbonus - på 50 prosent.
  • Bustadsadresse har også noko å seie på prisen på forsikringa . Det er for eksempel dyrare å forsikre ein bil i storby, enn om du bur på ein liten tettstad. Dette er fordi sjansen blir rekna som større for uhell der trafikken er tettare. 

Sjekk kva det kostar å forsikre bilen din her.